Kritiske spørsmål ved patriarkatet
- Vi reagerte negativt på at vagina ofte har blitt skildra som eit hol og ein mangel. Difor enda vi opp med å diskutera andre og nye måtar å definera det kvinnelege kjønnsorganet på.

I bokhylla mi står to arkivboksar med Nyfeministen, medlemsorganet til nyfeministane i Bergen. Saman med nokre kvinnepolitiske bøker og kvinnekampmerket i sølv, tinn, keramikk og som jakkemerke, er det mellom dei få tinga eg har som har overlevd tallause flyttingar sidan 1970-talet. Å bla gjennom årgangane vekkjer mange minne. Produksjonen av bladet gjekk på omgang mellom gruppene, og bidragsytarane skreiv innlegga sine på Gestetner eller Kores stensilar som så blei trykte og hefta saman på enklaste vis. Eg minnest den gode spritlukta frå stensilmaskina, ein teknologi som gjekk ut av bruk omtrent samstundes som Nyfeministane la ned verksemda si.
Jorunn Veiteberg, f. 1955, er kunsthistorikar og arbeider som frilans skribent og kurator. Ho er busett i København.
Fortellingen er en del av prosjektet Nyfeminister forteller med personlige historier av kvinner som gikk inn i nyfeministbevegelsen på 1970-tallet
Nyfeminister forteller er et samarbeid mellom Rita Bjørnulf, Tonje Kolle, Kirsten Waarli og Margrete Wiig.
Kontakt: nyfeministene@gmail.com
Flat struktur
Bladet gir eit levande inntrykk av kva som opptok oss. Eit fast innslag er nemleg referat frå dei månadlege husmøta. Dei vitnar om mange frustrasjonar av praktisk art: fylte askebeger som ikkje blir tømde og manglande rydding, til dømes. Å skapa ein organisasjon basert på flat struktur og frivillig innsats var noko vi gjerne ville få til, men som var lettare sagt enn gjort. Uformelle leiarar oppstod, og referata vitnar om spenningar rundt kven som representerte oss i media og andre offentlege fora. Motsetningane hadde ofte ei politisk side.
Nyfeministane i Bergen bestod av like mange såkalla borgarlege feministar som sosialistar.
Søstersolidariteten blei difor stundom sett på prøve, og kva dette sentrale omgrepet i 1970-tals retorikken innebar, var eit stadig tilbakevendande tema. Som det står i eit referat frå eit medlemsseminar i 1975, ført i pennen av meg sjølv: «Søstersolidaritet er for somme berre eit tomt, fraseaktig omgrep. Medan andre har ei sterk oppleving av solidaritet som noko av det grunnleggjande i rørsla. I det legg ein respekt for andre kvinner, forståing, medkjensle, hjelp og støtte. Usemje om kor vidt solidariteten skal gjelde all kvinner. For nokre var det naturleg, andre meinte det var uråd å føle solidaritet med overklassekvinner, eller med dei som motarbeider oss.»
Ein annan debatt i bladet handlar om Kontoret for prevensjon, abort og seksualopplysning, som i ein periode held til i naborommet. Spørsmålet var om dei kunne få lov til å bruka kontoret vårt som venterom i vintermånadene slik at klientane deira slapp å venta i den kalde trappeoppgangen. Det enda med eit nei frå oss. Fleirtalet meinte dels at det ville blokkera for at ein kunne stikka innom for å gjera kontorarbeid i ledige stunder, og dels ville det innebera at menn ville få tilgjenge til lokala våre. Det siste ville føra med seg at vi måtte gøyma bort kartotek og anna sensitivt materiale. Men det var like mykje eit psykologisk element i dette: Kontoret til Nyfeministane skulle vera ei trygg, mannefri sone.
Vaffelsteiking og kamp for sjølvbestemt abort
Eg kom med i Nyfeministane i Bergen rundt 1972, og ut frå medlemsbladet kan eg slutta at eg la ned mykje arbeid i organisatorisk og praktisk arbeid dei første åra. Dei overordna sakene handla om kampen for nok dagheimsplassar og sjølvbestemt abort. Emne som den gongen engasjerte breitt, og som kvinnerørsla kollektivt kan ta æra for at førde til politiske resultat. Internt brukte eg mykje tid på å vera «jordmor» for nye grupper, men elles var det praktiske arbeidet mangslunge. Det innebar alt frå å halda ope hus om søndagane, der eg steikte vaflar og møtte både fattige, einslege tenåringsmødrer og velståande, heimegåande kvinner frå byens beste strøk, til å stå på stand, måla parolar til 8. mars, og gjennomføra mini-aksjonar mot demonutdriving på kvinner, og for retten til å få servert halvliterar til liks med menn på Chianti restaurant.
Organisatoriske frustrasjonar
Vendepunktet i engasjementet mitt kom i 1977. I september skriv eg i medlemsbladet at frå no av vil eg gå over til å bli passivt medlem. Det skuldast rein frustrasjon. Eg ville ikkje bli aktiv igjen, truar eg med, før nyfeministane får bestemt seg for om dei er ein organisasjon med alt det inneber av forpliktande ansvar. I tillegg kritiserer eg dei for å verdi-inndela kvinner etter tvilsame vurderingar av kven som treng kvinnefrigjeringa mest, der husmødrene er øvst på skalaen og studentar og intellektuelle desidert nedst. Nyfeministane treng alle kvinner, hevda eg. Då eg no, førtifem år seinare, gjenleste dette, kunne eg ikkje minnast kva som utløyst så sterk frustrasjon. Etter kvart demra det at innlegget er skrive like etter at vi i Bergen hadde gjennomført ein kvinneleir på Skorpo. Ei hending som eg i dag vurderer som både eit høgdepunkt og eit lågpunkt i tida mi som nyfeminist.
Kvinneleiren i 1977
Inspirasjonen til å arrangera sommarleirar kom truleg frå Danmark, der Rødstrømperne starta med årlege kvinneleirar på øya Femø i 1971. Formålet til Femø-leiren har dels vore å skapa eit forum for politiske diskusjonar og dels vera eit frirom for alle kvinner. Leirane nyfeministane i Noreg arrangerte i 1970-åra, var reine medlemstreff. Etter å ha deltatt på nyfeministleir på Jæren (i 197?) tok nokre av deltakarane frå Bergen på seg å arrangera den neste landsleiren i Bergen. Vi begynte planlegginga i januar 1977, og datoen blei sett til 11. – 14. august same år. Postverkets feriesenter på øya Skorpo utanfor Os, blei vald. Det låg usjenert til, med sjøen tett på, og så var det rimeleg. Med eigen sovepose var prisen 75 kroner, inkludert mat. Senteret kunne romma inntil hundre personar fordelt på hytter og hovudhus, og eg gjettar på at vi var mellom førti og seksti deltakarar i alt.
Arbeidsgrupper blei nedsette for å ta seg av ulike delar av programmet. Eg fekk ansvaret for kunstnariske og kulturelle innslag, Synnøve Døhl for det praktiske opplegget, Solveig for kroppskultur, Grete Grahl-Nilsen for informasjon og Anka Ryall for å skaffa innleiarar. Framleis hugsar eg forventningane mine då vi køyrde til båten som skulle føra oss frå fastlandet og til øya. Det var ein solrik dag, og eg hadde kledd meg i knelange bukser som eg hadde sydd sjølv og ei undertrøye som eg hadde farga lilla. Året innan hadde eg klipt håret kort. Det var også eit feministisk «statement» den gongen.
Møtet med nyfeministar frå Stavanger, Sandnes, Fredrikstad, Lillehammer og sikkert også andre stader, var fullt av glede: gode samtalar, mykje humor, song og dans. Temaet vi hadde enda på var seksualitet. Ein av hovudinnleiarane var Kari Einram. Innlegget hennar «Den lille forskjellen» blei seinare trykt i Nyfeministen. Boka «Den lille forskjell» og dens store følger av den tyske feministen og journalisten Alice Schwartzer var kome på dansk året før, og var ein sentral referanse i foredraget hennar. Det handla om verdien av å bli kjent med eigen kropp og eigne lyst, og ikkje lata seg manipulera av kva andre (les: patriarkatet) måtte definera som normalt. Det blei følgd opp av konkrete undersøkingar av eige underliv, noko Fredrikstad-feministen Tonje Kolle har fortalt levande om i eit tilbakeblikk på kvinnehistorie.no.
Nytt blikk på kvinners kjønnsorgan
Anka Ryall og eg hadde også eit felles innlegg. Opphavleg var planen vår å ta opp sjølvhat, nærare bestemt både vårt eige og andre kvinners negative forhold til eigen kropp og seksualitet. Men etter kvart blei det tydeleg for oss at vi hadde eit språkleg problem. Som Anka Ryall formulerte det i medlemsbladet vårt i etterkant: «Vi spurte oss selv om det ikke var naturlig at vi – som kvinner i en patriarkalsk kultur – følte oss fremmede overfor det språket som brukes til å beskrive kvinnekroppen, kvinners seksualitet og kvinners kjønnsorgan». Særleg reagerte vi negativt på at vagina ofte har blitt skildra som eit hol og ein mangel. Difor enda vi opp med å diskutera andre og nye måtar å definera det kvinnelege kjønnsorganet på. Den belgisk-franske filosofen, lingvisten og mykje meir, Luce Irigaray, var her ei viktig inspirasjonskjelde. Ho var nyleg blitt introdusert på norsk gjennom intervjuet «Kvinner i eksil» i Svein Haugsgjerd og Fredrik Engelstads bok Seks samtaler om psykiatri (Pax 1976). Refleksjonane hennar om korleis språket er blitt brukt og misbrukt i forhold til det kvinnelege kjønnsorganet var eit viktig aspekt, men kanskje endå viktigare var dei positive og poetiske skildringane hennar av vulva. Vi gav også døme på litterære landskapsskildringar i romanar av kvinnelege forfattarar som kunne tolkast symbolsk som uttrykk for lyst og erotiske fantasiar. Dette meinte vi kunne tena som ei oppmoding til å søka etter omgrep for kvinners seksualitet i litteratur og filosofi. Vi var opptatt av at det er ikkje nok å byggja på eigne erfaringar åleine. For å forstå strukturane og systema som dei personlege erfaringane er utslag av, behøver vi teori.
Det er viktig å stilla kritiske spørsmål ved patriarkatets sanningar og teoriar om kva kvinner er og vil.
Denne historia inneheld noko av det viktigaste eg har tatt med meg frå nyfeminist-tida: At det er viktig å stilla kritiske spørsmål ved patriarkatets sanningar og teoriar om kva kvinner er og vil. Vidare har det gjort meg meir skamlaus og modig (trur eg i alle fall): Der er viktig å dela erfaringar med andre kvinner, også om det mest intime, og å snakka sant om eigne behov.
Generasjonskonflikt
Ikkje alle som deltok på sommarleiren den gongen, delte appetitten vår på teori. Både på leiren og etterpå blei vi av medsøstrer i Bergen kritiserte for å «intellektualisera» for myke. Dei frykta at med slik tale risikerte vi å mista kontakten med «grunnplanet». Det var denne typen innvendingar som frustrasjonen min hausten 1977 handla om, og som eg no ser som eit vendepunkt. At det til grunn låg ei generasjonskonflikt, er nokså sannsynleg.
Hvor undertrykt må en kvinne være/ha vært for å kunne legitimere seg som nyfeminist?
Vi, som på 1970-talet var i 20-årsalderen, var på alle måtar privilegerte i forhold til generasjonen før oss når det galdt alt frå høve til utdanning, jobb og eiga inntekt, og til det å utfalda oss seksuelt og etablera meir likestilte samliv. Som Anka Ryall skreiv i Nyfeministen etter sommarleiren: «Av og til får jeg følelsen av at eldre nyfeminister mener vi unge har for få dårlige erfaringer til å uttale oss. ... Hvor undertrykt må en kvinne være/ha vært for å kunne legitimere seg som nyfeminist?»
Heilt passiv blei eg likevel ikkje etter dette. I alle fall enda eg opp med å vera den som tømte kontoret då aktivitetane gradvis dabba av mot slutten av 1970-talet. Eg kan ikkje hugsa at vi offisielt erklærte at organisasjonen var nedlagd, men då eg flytta frå Bergen i 1982, var det i alle fall slutt. Brevvekta og skrivemaskina blei med meg vidare, men fire (?) flyttekassar med dokument blei donerte til Bergen byarkiv. Der fanst allereie arkivet etter Brød og Roser. Materialet blei klausulert for 40 år av Kirsti Ohnstad og meg sjølv, men eg har enno ikkje fått spørsmål om innsyn.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 22. oktober 2026, kl. 23.41 CEST