Miss Norge 1978

Hausten 1978 skulle den årlege Miss Norge-konkurransen haldes i Bergen. Dette var ein av landsdelsfinalane i Hordaland, den andre vart arrangert på Voss. Seinere på året skulle årets Miss Norge kårast blant dei som vant landsdelsfinalane.

Eli Winjum (født 1954) i 2023., Foto: Privat

Eg var ein slags organisasjons-sekretær i Kvinnefronten i Hordaland, og reiste til Voss og diskuterte aksjon med Kvinnefront-gruppa der. Me planla å delta i fesjået for å avsløra det heile. Planen var god og det var stor entusiasme. Men når det nærma seg, så ville ikkje den utvalde stilla opp likevel. Ikkje så rart på ein liten stad der nesten alle kjenner nesten alle. Det var eit nederlag, også for meg sjøl. Så då dei kom frå AU i Kvinnefronten i Bergen nokre dagar seinare og sa dei ønska at eg skulle stilla i Bergens-finalen, så syntest eg at sidan eg no ikkje hadde lukkast i å overtala vossingane, så var det ikkje anna å gjera enn å stilla opp sjølv. Bordet fangar. Og sidan eg hadde både kosmetikk og høge helar, så var det liksom ferdig snakka. Eg gjekk og melde meg på.

Planen

Når vinnaren skal kårast og alle deltakarane er samla på scenen, skal eg – på ein eller annan måte – ta mikrofonen. Og halda appellen me har skrive. Når eg er ferdig, skal den store gruppa kvinnefront-medlemmar som har plassert seg rundt omkring i salen, reisa seg opp og syngja «At kvinnfolk ikke duger, men er yndige og svake….» Denne songen heiter Forbundet og var svært populær i kvinnebevegelsen på den tida.

Intervjuet

Dagen kom, først var det intervju med dommarane. Andreas Diesen, kjend frå NRK, var hovuddommar. Intervjuet gjekk bra, men så kom problemet: Dommarane kunne nemleg fortelja at berre fire jenter hadde meldt seg på konkurransen. Eit pinleg lågt tal for ein stor by som Bergen. Så korleis kunne dei best skjula denne fadesen som no trua? Jau, ved å berre presentera dei tre øvste på lista framme på scenen. Men det betydde jo at viss eg vart nummer fire, vil eg ikkje kunna få tak i mikrofonen, og heile greia ville vera bortkasta. Eg syntest i grunnen eg hadde bløffa meg fint gjennom intervjuet, men no var gode råd dyre. For å vera sikker på å få tilgang til mikrofonen, fortalde eg at eg var svært interessert i lyrikk, og at eg – uansett plassering i konkurransen – gjerne ville lesa eit dikt for forsamlinga – eit dikt av Tarjei Vesaas. Alt i 1978 streva jo denne typen arrangement med å få eit – i alle fall litt – seriøst preg, og eg merka at dette med diktopplesing fall i smak hjå dommarane. Då eg fekk spørsmål om kva diktet heitte, såg eg tankefullt ut vindauget på Bergensregnet, og sa «diktet heiter Haust». Dommarane hadde openbart heller ikkje særleg peiling på Vesaas sine dikt, men dei likte forslaget mitt.

Så kom kvelden.

Rosenkrantz, Bergens største nattklubb, var stappfull av menn, men ikkje godt opplyst. Det var ikkje råd å få skikkeleg oversikt over gjestene. Me deltakarane sat ved eit eige opplyst bord. Det var berre å håpa at her ikkje var folk som kjende meg, for eksempel kollegaer eller heimbygdingar. Kva ville dei tru, viss eg no ikkje skulle få anledning til å forklara kvifor eg var med her?

Endeleg tok ventetida slutt, eg fekk ein plass på scenen – og fekk til og med mikrofonen levert direkte i handa - for å lesa dikt.

Oppslag i Klassekampen 20. oktober 1978.

Det vart heilt stille i salen da eg heldt appellen: «Eg har meldt meg på dette fesjået for å vera med på å avsløre det som nettopp er eit fesjå fullt av kvinneforakt, og protestere mot det!» Eg avslutta med «Jenter, gå til aksjon mot det råtne missheshowet! La konkurransen bli ein dundrende fiasko.» Kvinnefrontjentene reiste seg og song, og kva trur de mannfolka i salen gjorde? Dei reiste seg og klappa for oss! Ståande applaus. Trampeklapp. Piffen var gått heilt ut av showet. Alt gjekk i oppløysing. Alt var berre kaos. Lysa vart slått på. Så var det slutt. Dei begynte å rydda lokalet. Det er ikkje så mykje me har høyrt om missekonkurransar etter 1978.

Se også

Meldinger ved utskriftstidspunkt 22. oktober 2026, kl. 23.40 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.