Jentene skulle gifte seg og ha ansvar for hus og heim
«Jentene treng ikkje rekne nr. 25», kunne det for eksempel stå i matteboka mi på folkeskolen. Jentene skulle gifte seg, ha ansvar for hus og heim, gutane skulle ta utdanning og «forsørge» familien. Forskjellsbehandlinga eg opplevde på skolen og i heimen, gjorde at eg ville bli lærar.
På Nesna lærarskole på slutten av sekstitalet organiserte vi kvinnegrupper som mellom anna studerte Betty Friedan si bok, Myten om kvinnen. Eg las Det annet kjønn av Simone de Beauvoir og Fra mannssamfunn til menneskesamfunn av Margrete Bonnevie.
Bøkene opna ei ny verd. Eg skjøna at forskjellsbehandlinga var resultat av politikk og samfunnsstrukturar. Det var ikkje Gud som hadde bestemt dette, men ein menneskeskapt patriarkalsk samfunnsorden som den maskuline makta ikkje såg nokon grunn til å endre. «Og så desse jentene som trur dei kan forandre verda!» sa rektor på skolen ein gong. Men det var det vi fann ut at vi kunne. Vi var sterke, vi var mange, og vi forandra Noreg. Det var ein revolusjon, der breie lag av kvinner var dei sentrale aktørane.
Eg kan enno kjenne den store gleda då vi vann retten til sjølvvald abort i 1978 og fekk Lov om likestilling året etter, og eg hadde vore med og kjempa dette fram. Frå syttitalet fekk gutar og jenter like rettar til alle fag, og skolen skulle jobbe aktivt for likestilling. Eg tok hovudfag i pedagogikk i 1985 og skreiv hovudoppgåve om likestillingsarbeidet i skolen. Det var ikkje lenger berre rabiate kvinnesakskvinner som meinte at kvinner og menn, gutar og jenter, hadde dei same rettane til utdanning og yrkesval og eit liv i fridom og likestilling; lovverket og staten stilte seg bak desse rettane!
I dag er det offisielle likestillingsarbeid i Noreg gjort kjønnsnøytralt. Det heiter ikkje «svangerskapspermisjon», men «foreldrepermisjon», kvinneforskinga er vorte til kjønnsforsking, dei fleste partia har ingen kvinneorganisering, skolen har ingen handlingsplan for likestilling. Trua på at vi har likestilling slår særleg ille ut i kampen mot vald mot kvinner, det er vorte tabu å peike på at vald handlar om kjønn. Det heiter ikkje vald mot kvinner, men «vald i nære relasjonar», sjølv om det i hovudsak er menn som står for den vald som rammar kvinner (og menn).
I gleda over å vere ein del av eit stort og sterkt kvinneopprør, trudde eg at ein gong ville eg oppleve at vi kom i mål, at vi kunne legge ned kampen og berre nyte fridomen og rettferda som var vunnen. Eg tok fundamentalt feil.
Vi har ein lang tradisjon med kvinnekamp, ein tradisjon som ikkje må ta slutt, men fornyast og vidareutviklast i samsvar med dei utfordringane som tida og situasjonen krev.
Vi må organisere oss, skaffe oss kunnskap og aldri tru på dei som stadig vil fortelle oss at no er vi i mål, no er kampen vunnen, så slutt å mase! No meld eg meg inn igjen i Kvinnefronten.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 22. oktober 2026, kl. 23.16 CEST