Idas historie
Ida er hovudpersonen i Ragnfrid Trohaugs roman Okkupert kjærleik. Her kan du lese meir om boka, om nittitalet og om korleis det var å vere ung då.

Idas historie
Om berre det var meg og Thomas hadde det vore fint, men eg gidder ikkje vere der med kjærasten hans. Så planen er å tilbringe ein einsam sommar i tenketreet mitt. Men jenta med det lange håret og Bowie-auga (eit blått og eit brunt) bur i eit okkupert hus kor det er plass til meg og. Ho vil visst vere kjærast med meg sjølv om ho er to år eldre og veldig pen og syng i band. Det er kult å vere husokkupant, sjølv om eg gruer meg til politiet kjem og kastar oss ut.
I tida: 1990-talet
I romanen Okkupert kjærleik møter vi Ida, som veks opp på 1990-talet i Noreg. Dette var tiåret vi fekk Internett, graffiti vart definert om frå ungdomskultur til kriminalitet, og Noreg arrangerte OL på Lillehammer.
Tekstene under dette temaet ble skrevet i samarbeid med Foreningen !les i 2009. Målet var å løfte fram forfatterskap, bidra til å utvide tekstuniverset ungdom møter og stimulere til leseglede blant ungdom. Målet var dessuten å formidle norgeshistorie med et kvinneperspektiv.
Prosjektet var støttet av Norsk kulturråd og Fritt Ord. Referansegruppa besto av etnolog Kari Telste, historiker Anne Gamme, bibliotekar Mari Eeg-Vilnes, forfatter Ingelin Røssland, samt litteraturviterne Elin Havelin Rekdal og Tonje Vold.
Individualisering og heterogenitet er ord som går att i skildringane av ungdom på 1990-talet. Samanlikna med foreldregenerasjonen har ungdom i aukande grad kunna velje sosiale roller, tilhørsle og identitetar. Det har blitt fleire måtar å vera ungdom på og eit større mangfald i ungdomskulturar.
Mange unge har fått større valfridom i høve til dømes fritidsinteresser og yrkesval.
Mange unge har fått større valfridom i høve til dømes fritidsinteresser og yrkesval. Medan fokuset på klasse og klasseskilnader var viktig i samfunnet nokre tiår før, vart dette meir usynleg heilt mot slutten av det 20. hundreåret. Men dette inneber ikkje at kategoriar som klasse, kjønn og etnisitet har mista tydinga si.
«Ungdom, kjønn og likestilling»
Professor Harriet Bjerrum Nielsen skildrar det på følgjande måte i føredraget Ungdom, kjønn og likestilling:
«Det er neppe noen tvil om at individualitet og originalitet er sentrale verdier for ungdom i dag. En side av dette er å være meget lydhør overfor hva man selv har lyst og ikke lyst til, og ikke gjøre ting for å være andre til lags. Man vil gjerne være populær, men ikke mistenkes for konformitet. I en slik kontekst blir alle sosiale merkelapper hva enten de dreier seg om kjønn, sosial klasse, etnisk og kulturell bakgrunn, seksuell legning eller noe helt sjette, vanskelige å håndtere. Samtidig betyr sosiale kategorier knyttet til klasse, etnisitet og seksualitet stadig mer i ungdommers liv. Især klasseforskjeller usynliggjøres i dag og forstås som stil. Ungdommer lever med kulturforskjeller inne på kroppen på en helt annen måte enn voksne i dag.»
Sjølvsikre og kritiske
Haldningar ungdommar har til kva kjønn inneber, endra seg i løpet av 1990-talet. Forskaren Kristinn Hegna har sett på endringar i kjønnsskilnader mellom ungdommar i dette tiåret, frå 1992 til 2002, i rapporten «Likestillingsprosjektets barn».
Når det gjeld jenter, peikar ho på at spekteret for kva som var «lov», opna seg ytterlegare i desse åra, til dømes når det galdt seksualitet og utdanningsambisjonar. Forskarane fann teikn på at jentene var blitt meir sjølvsikre, aktive og valde det dei ville.
Ida 15 år er hovudpersonen i boka Okkupert kjærleik, som er skrive av Ragnfrid Trohaug. Ho bur hos Thomas, bror sin, og kjærasten hans ein sommar, medan foreldra hennar er i Afrika.
Men ho såg óg at dei var blitt meir sjølvkritiske; med kontinuerleg vurdering av kropp, utsjånad og seg sjølve. Når det galdt tankar og kjensler knytt til kroppen, fann Hegna ein auke i to ulike grupper: Fleire gutar og jenter var blitt misnøgde med kroppen sin, men det var også ein auke i gruppa av ungdommar som var nøgde med eigen kropp.
Haldningar ungdommar har til kva kjønn inneber, endra seg i løpet av 1990-talet.
Negativt kroppsbilete og spiseproblem var langt meir utbreidd mellom jenter enn mellom gutar. Funna hennar gjekk med andre ord både i retning av «frigjering» og «innskrenking».
Forskaren skriv: «En tredje dimensjon i bildet av endringer var at det så ut til at jenters lyst og evne til å ta egne valg, deres individualitet og selvstendighet også ble brukt til å velge det som var tradisjonelt kvinnelig. Økt selvstendighet og frihet til å velge endret ikke nødvendigvis handlingsmønstre».
Ragnfrid Trohaug vart fødd i 1975 i Bodø og er forfatter og forlagsredaktør. Ho har ein cand.mag.-grad frå Universitetet i Bergen i tillegg til Forfattarstudiet ved Høgskulen i Telemark og skriv fyrst og fremst bøker for barn og unge.
Okkupert kjærleik kom ut i 2000 og var debutromanen hennar. For boka fekk Trohaug Blix-prisen, ein pris til nordnorske forfattarar som skriv på nynorsk, og Kulturdepartementet sin debutpris. Trass i at nynorsk ikkje er hovudmålet hennar, har Ragnfrid Trohaug likevel valt sidemålsforma si som språk i romanen. Ho forklarer det med at det nynorske språket gjorde det enklare for ho å skrive leikent og fritt. Okkupert kjærleik er også gjeve ut i Tyskland.
Motstridande retningar
Óg når det galdt gutar, peika resultata i delvis motstridande retningar. På den eine sida viste undersøkinga at gutane var mindre einsame, hadde større sjølvtillit, var meir nøgde med seg sjølve og eigen evne til å få vener, dei hadde fleire vener og kanskje større sosiale ressursar enn tidlegare. På den andre sida hadde det vore ein sterkare auke i psykiske vanskar, rusmiddelbruk og alvorleg kriminalitet mellom gutar, samanlikna med jenter.
Harriet Bjerrum Nielsen har også sett på kva kjønn tyder for barn og ungdom. Ho meiner dei få undersøkingane vi har om dette i dag, peikar mot at kjønn har blitt mindre eintydig på den måten at kjønn tyder ulike ting for ulike grupper av unge. Det tyder ulike ting på ulike område i livet, og at tidlegare kjønnsoppdelte veremåtar no blir blanda friare i den einskilde personen. Ho meiner kjønn i stendig mindre grad har blitt ei samla pakke der alle delar skal peika i same retning.
Aksjonisme

Eit anna trekk ved dei siste tiåra, som ofte blir knytt til individualisering, er at medlemstalet i mange organisasjonar har gått ned. Dei store kollektive organisasjonane har fått mindre oppslutnad. Det politiske engasjementet hjå ungdommar endra seg ein god del frå 1970- til 1990-talet.
Medlemstala i politiske ungdomsorganisasjonar fall frå omtrent 44 000 i 1977 til 23 000 i 1995, ifølgje regjeringa si stortingsmelding Oppvekst- og levekår for barn og ungdom i Norge (2001 –2002). Ein skal likevel passe seg for å setja likskapsteikn mellom samfunnsengasjement og medlemskap i organisasjonar. Stortingsmeldinga peikar nettopp på korleis ungdom bruka mange alternative uttrykksformer, som t.d. festivalar, demonstrasjonar, aksjonar og internettytringar. Det dreidde seg mykje om særleg aksjonsretta aktivitet, og mindre om dei meir konvensjonelle formene for politisk aktivitet, slik vi m.a. ser det i boka Okkupert kjærleik, der Ida møter ungdom som okkuperer hus.
Forelska i ei jente
Ida blir forelska i husokkupanten Linn og får dei første seksuelle erfaringane sine i løpet av boka. Broren til Ida mistenkjer at ho har fått seg kjærast, og går utan vidare ut frå at det er ein gut. Når sanninga kjem fram, trekkjer berre broren på skuldrene og synest det er kult at Ida har ein jentekjærast.
Sjølv om samfunnet er blitt meir ope for homofile og lesbiske, er det framleis slik at samfunnet forventar heteroseksualitet.
20 år tidlegare ville det sannsynlegvis ha vore ei vanskelegare forelsking. Fram til 1972 var homofili forbode ved lov i Noreg, og sjølv om denne lova ikkje vart handheva etter krigen, var homofili tabu. I takt med at homofile og lesbiske har drive politisk kamp for respekt og forståing, har også haldningar til homofili endra seg, og mange har fått eit friare tilhøve til seksualitet.
Men sjølv om samfunnet er blitt meir ope for homofile og lesbiske, er det framleis slik at samfunnet forventar heteroseksualitet, og at mange har vanskelegare for å akseptera homoseksualitet fullt ut. For mange unge er det framleis slik at det kan vera ein vanskeleg prosess å erkjenne for seg sjølv og andsynes andre at dei ønskjer seg ein kjærast av same kjønn som ein sjølv.
Se også
Kilder
- Bjerrum Nielsen, Harriet 2006: Ungdom, kjønn og likestilling. Foredrag holdt på den nordiske konferansen Med fokus på kjønn er målet et likestilt samfunn, 9. februar 2006.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 22. oktober 2026, kl. 23.40 CEST