Anne Jensdotter Sletto: tenestjente og gründer

Anne Sletto var tenestjente og fekk barn utanfor ekteskap. Ho var ei dyktig og driftig kvinne som satsa på turismen på Geilo då Bergensbanen opna i 1909. Sonen hennar, Olav Sletto, vart Hallingdals store forfattar, men mor si likte han ikkje.

Historisk svart-hvitt portrettfoto av en kvinne i mørk kjole med høy krage og brosje, fotografert mot en lys bakgrunn.
Anne Sletto, g. Olsen 1900. Bildet er tatt i Holbergs Atelier i Holmestrand i 1901, og er det einaste vi kjenner av henne., Eier: Hol Bygdearkiv

Anne Sletto var av dei mange som bygde landet, men som høyrde til dei småe i samfunnet, slike det ikkje stod om «i bladet», som lokalavisa Hallingdølen kallast i dalen. Slike er det ikkje enkelt finne informasjon om i offentlege dokument eller andre kjelder, men umogleg er det ikkje. Kjeldene er mellom anna ministeralbøker, folketellingar, biografiar, ei minnebok, intervjuer, og sist, men ikkje minst, det rike materialet som ligg i brevvekslinga mellom Olav og kona, Karin Sletto, gjennom meir enn 40 år. Eva Almhjell har transkribert brevvekslinga.

Denne artikkelen er ein bearbeidd versjon av boka Anne Sletto. Eit kvinneportrett av Eva Almhjell og Jørn Øyrehagen Sunde frå 2015. Nytt i denne artikkelen er informasjonen om Annes dotter, Jenny Bertine. Brevvekslinga, i transkribert form, mellom ektefellene Sletto er også kome til etter at boka kom ut i 2015.

Tenestjentene kan framstå som ein grå masse, men går ein inn i den einskilde si historie, kan ein, som her, finne ei dyktig og driftig kvinne, ei som kjenner sin plass, men som går sine eigne vegar og ser moglegheitene i staden for stengslene. Ei kvinne som orienterer seg oppover i samfunnet, og som heller ikkje bøygjer nakken for bygdedyr og folkesnakk. Tvert om.

Ei jente frå Hallingdal

Anne Jensdotter Sletto (1867-1946) var fødd på garden Sletto aust i Holsbygda, Hol i Hallingdal, 4. mars 1867. Ho var nummer fem i ein syskjenflokk på åtte. Foreldra var Birgit og Jens (Gamle-Jens) Sletto. Birgit var lærardotter frå grannebygda Ål, lese- og skrivekyndig. Jens var varekøyrar og hestehandlar, og bonde. «Han var ei tid litt glad i det sterke...las ikkje bøker...kunne ikkje skrive, ei kunst dei fleste kunne den tid», skriv Lars Reinton, som legg til at «han var flink til å samtala og til å ordleggje seg og til å fortelja» («Ei bok om Olav Sletto», 1966, s. 12). Det siste var tillagt stor og positiv verdi i fjellbygda Hol. Gamle-Jens var vel ansett i bygda. Om Birgit fins ingen tilsvarande informasjon i bygdesoga eller Sletto-biografien.

Anne var ei dyktig tenestjente som i mange år tente utanfor heimbygda. Ho fekk to ungar utanfor ekteskap, som i statistikken difor vart kalla «uægte børn»: Olav Sletto var fødd i 1886 i Sletto. Då var Anne 19 år gamal. Jenny Bertine Andersdatter Sletto kom til fem år seinare, i 1891. I samband med giftarmålet hennar i Hol i 1913, finn vi Holmestrand som fødestad (https://www.digitalarkivet.no/kb20060607080526). Dei voks opp som fosterbarn hjå besteforeldra i Sletto.

I 1900 gifta Anne seg i Vestfold, og ein gong, truleg rundt 1909, då Bergensbanen opna, flytta ho og mannen, svenske Theodor Brattnäs, til Geilo. Dei hadde tatt Olsen som sams etternamn. Der dreiv dei frå 1913 utleigeverksemd i heimen. Anne arbeidde som vaske- og strykekone ved Dr. Holms hotell. Theodor døydde i 1939, Anne i 1946.

Foreldra til Anne, Jens og Birgit Sletto. Foto: Hol bygdearkiv

Anne i si tid

Anne Jensdotter Sletto var tenestjente i ei eller anna form all si tid. Ei blant mange. Av folketellingane mot slutten av 19. hundreåret er talet på gruppa som hadde personleg tenestetyting som leveveg 95 000 i 1890 og 112 000 i 1900. Med visse atterhald var kring 7-8% av innbyggjarane i Norge tenarar heilt fram til kring 1930 (Historisk statistikk 1978 attegitt i Almhjell og Øyrehagen Sunde, s. 15).

Andelen ugifte kvinner nådde eit toppunkt i folketeljinga i 1930. Tenaryrket var det viktigaste lønnsarbeid for kvinner heilt til etter andre verdskrigen, og mellom 1900 og 1930 var ein firedel av dei yrkesaktive framleis i tenest. Frametter på 1900-talet vart det å vera i tenest eit kvinneyrke, skriv Kari Melby i (2020), mens bygdesosiologen Reidar Almås framhevar avtantifiseringa eller avtausifiseringa, som han kallar det, etter 1945 (Almås, 2023).

Anne si tid var, sett under eitt, ei tid for økonomisk oppgang, men med store svingingar m.a. nedgangstidene kring 1877. Det fekk følgjer i Sletto, då Gamle-Jens, far til Anne, gjekk konkurs. Ho var tenestjente og fjøsbudeie i ei tid med industrialisering og teknologisk utvikling i landbruket. Fram mot oppløysinga av svenskeunionen i 1905 stod striden om nasjonalt sjølvstende, herunder kampen for landsmålet, som både Anne og sonen Olav nytta. Almen stemmerett for kvinner vart ein realitet i 1913, men det var fyrst i 1919, med innlemminga av folk som var mentalt attendeståande eller som «gjekk på fattigkassa», at retten omfatta alle.

Fyrste verdskrigen kom med jobbetid for dei fåe og dyrtid for dei mange. Med børskrakket i 1929 kom nye økonomiske nedgangstider, streikar og klassekamp, og så, dei siste åra i Anne Sletto sitt liv, andre verdskrigen. Den skulle merkast, også på Geilo, også på Annes arbeidsplass. Det kjem vi attende til under.

Dei Castbergske barnelover av 1915 likestilte barn fødde i og utanfor ekteskap kva gjeld retten til å arve far og ta fars namn. Desse rettane kom for seint for Anne sine to ungar, men dempa kan hende skamma som ramma såkalla «uægte børn» og «løse kvinder», mødrene deira.

Anne rakk å få med seg innføring av folketrygda i 1936 og arbeidsløysetrygd i 1939. Lista over er sjølsagt ikkje uttømmande.

Tenestjenta Anne

Anne gjekk på skole og stod til konfirmasjon i Hol i 1882. To-tre år arbeidde ho kanskje på garden heime, eller hjå andre i grannelaget, men våren 1885 steig ho, etter det Lars Reinton skriv, i tenest utanfor bygda. Han meiner at far til Anne kan ha tatt henne med nedover dalen på ein av handelsturane sine. Han hadde eit stort nettverk og var ein respektert mann i nedre Buskerud og Vestfold. «Det er truleg forklaringa på at Anne nettopp kom på dei kantar» (Dale og Reinton,1966, s. 10).

Garden Sletto ligg brattlendt til i lia opp mot Holsåsen, med utsyn til Holsfjorden, Hovsfjorden og Hallingskarvet, som syns heilt bak i bildet.

Kanhende tok Reinton feil, for ei anna fortelling om Anne er at ho var i tenest i Gausdalen, på Aulestad, garden til Bjørnstjerne Bjørnson (Almhjell og Øyrehagen Sunde, s. 29-37). Kjeldegrunnlaget er spinkelt, sprikande, og ganske forvirrande. Ei tredje fortelling handlar om Østfold. Den er ny, også for Sletto-biografen Lars Reinton og for Eva Almhjell og Jørn Øyrehagen Sunde, som har skrive boka om Anne Sletto.

To ungar utanfor ekteskap

Anne, fødd i 1867, fekk to ungar utanfor ekteskap. Den fyrste, Olav, kom til verda 21. juni 1886, i Sletto, der ho sjøl var fødd. Då var Anne 19 år. Guten fekk namnet Ola, seinare Olav. Ho hadde vore i tenest utafor, som det heiter i Hallingdal. I ministeralboka for Hol 1886 er Johannes Kristianson Lundeby, fødd 1862, frå Sande nord i Vestfold skriven som far. I kyrkjeboka for Hol er nokre ord streka over og retta, noko som får ein til å undre seg over kor mykje den eller dei som ga opplysningane, visste om den oppgitte barnefaren (Buskerud fylke, Hol, ministeralbok nr. I 3 (1887-1918) sitert i Almhjell og Øyrehagen Sunde, s. 25). Johannes var svakhelsa og hadde, som mange andre den tida, lite å by på som familieforsørgjar. Vi finn ingen dokumentasjon på kontakt mellom desse to. Han døydde våren 1900, 38 år gamal.

Denne fortellinga tyder at Anne var i tenest i nordre Vestfold på midten av 1880-talet. Lars Reinton meiner, som nemnt, det er sannsynleg at far hennar kunna ha hjelpt henne med tenest der. Han kjende mange folk frå handelsferdene sine i Vestfold.

Men så var det denne andre fortellinga som hadde laga seg, som det heiter i Hol. Den handlar om Aulestad, og held seg tiår etter tiår, og blir difor tatt med her. Kjelda er Inga Tufte og hennar son, Einar. Inga kom frå Arendal, var utdanna kunstsyerske og hadde i 1901 jobb på Oppen utanfor Hønefoss. Ho gifta seg seinare til Geilo, og var mange gonger på besøk på Oppen. Ein gong, i 1912 eller 1913, var Oppens og Inga på kaffebesøk på garden Rognerud på Øvre Veme. Meir enn 50 år etter skriv ho at fru Rognerud kom til å nemne Anne Sletto, som var, fortalte ho, dotter til varekøyraren Jens Sletto. Anne hadde ei syster som var gift på Veme. Det kunne vera ein grunn til at ho kom nett dit. Ho kom då frå Aulestad, vart det sagt, og ville ha tenest på Rognerud. Men frua til Rognerud såg at Anne var gravid og ba henne reise heim. Det skriv Inga i eit notat 21.9.1966, kort tid etter at «Ei bok om Olav Sletto» kom ut, og der Lars Reinton støttar opp om at det er Johannes Lundeby som far til Olav.

Olav Sletto

«Straks etter at Olav var fødd, reiste mora ut på bygdene igjen, til Vestfold», skriv Lars Reinton (op.sit, s. 12). Me skriv Sletto, 21. juni 1886. Der voks Olav opp og der budde han til i 1912, då han som gift mann etablerte seg i eigen heim på Vollen i Asker.

 I 1908 debuterte Olav Sletto med romanen «Dei gamle». Det vart ein braksuksess. Den unge forfattaren hauste rosande omtale som heimstaddiktar i hovudstadspressa. Tilmed sjølvaste Bjørnstjerne Bjørnson rosa debutanten, som fekk treffe sitt store førebilete i Kristiania same hausten. Dette møtet omtalar han i seinare brev til Karin Bryde, som han gifta seg med i 1912, i det dulgde, i Drammen. Ho var frå Sandefjord, skipsreiardotter og utdanna kunstvevar frå Notodden Lærarskule. Det var der dei trefte kvarandre.

Anne sin son, Olav Sletto, 16 år gamal. Bilde er tatt av E.T.Braaten, Gol, 1902. Foto: Hol bygdearkiv

Anne sin son, Olav Sletto, vart ein landskjent forfattar i si tid, men omstridd grunna sitt arkaiske landsmål og tunge religiøse tema. Han hausta likevel godord for heimstaddiktinga si. Til denne er rekna «Dei gamle», Per-bøkene, serien på fire om Per og hans oppvekst i ei lita fjellbygd på slutten av 1800-talet, og Silju-bøkene, «Soga om Røgnaldfolket» i fem bind, ei familiekrønike frå byrjinga av 1900-talet. Sletto skriv lyrisk prosa. Også hovudstadskritikarane, som Sletto sjølv meinte tagde han ned, anerkjente han som ein stillist av format. Han ga ut 44 bøker (Reinton, 1966 og Almhjell og Øyrehagen Sunde, 2015. Sjå også olavslettoselskapet.no)

Det rådde alltid uvisse om kven som var far til Olav. Rykta ville, som nemnd, ha det til at det var sjølvaste Bjørnstjerne Bjørnson som var far hans, men diktaren og heile hans familie var i Paris i åra 1882-87. Bygdesnakket om at det var Bjørnson sjølv som skulle vera far til Olav var dermed avsanna, men kva med yngstesonen Erling? Han var att heime på Aulestad. I 1885 var han 17 år. Han var skildra som ein villstyring av nevøen, B.A. Bjørnson-Langen (1981), ein som gjorde som han ville, og som brått forsvann frå garden kring sankthanstider 1886, akkurat på den tida Olav kom til verda. Erling var borte fleire dagar, og fortalde ingen kvar han hadde vore. Far hans, som var heime frå Paris ein snøggtur for å sjå til garden, var oppgitt (Hoem, 2010, s. 464).

Om denne uvissa skriv historikaren Kåre Olav Solhjell: «Det følgjer gjerne noko gåtefullt med ein diktar. Olav Sletto er gåtefull så det greier seg. Likevel er nye gåter vorte dikta til, slik at dikt ikkje alltid kan skiljast frå sanning. Slikt kan skje med personar som skil seg ut frå det vanlege.» (Solhjell, 2010, s. 539 og olavslettoselskapet.no). Og mor var like gåtefull som sonen. I boka om Anne Sletto (2015) blir spørsmålet drøfta meir inngåande, men svaret bles sjølvsagt i vinden.

Jenny Bertine

I 1891 finn vi sikker kunnskap om kvar Anne Jensdotter Sletto var. Det går fram av den digitaliserte versjonen av Folketeljinga frå 1891. Ho var i Aurskog-Høland i Østfold, der ho 20 dagar etter folketeljinga sette ei jente til verda. Presten førte henne inn til dåp som:

«Jenny Albertine, født 20/1-91, døpt 22/2-91, «Uægte» datter av «Pige Husmdsdtr fra Hols Præstegjeld i Hallingdal, Anne Jensdtr. Sletto f. 1867, der oppgav som Barnefader sin Forlovede Anders Johannesen Elverhøi f. 1872 Tjenestedreng i og af Vestre Akers Prstgl. – Begge tjente i Vestre Aker».

I «Anmerkninger» heiter det: «Angivet af Moderen, der oplyste, at hun i Anledning af sin Nedkomst reiste til Gaarden Tønsberg i Urskoug, som hun igjen forlader efter Barnets Daab.»

Noko må ha gått gale, sidan ho opplyser at ho forlet garden Tønsberg og forloveden sin etter dåpen. Kor Anne reiste, veit vi ikkje. Kanskje til foreldra sine med veslejenta? «Å være tjenestejente var ikke forenlig med omsorg for egen familie», skriv Gro Hagemann (1997). Arbeidsdagane var lange og slitsame, lønna låg og buforholda var utan plass for fleire enn tenestjenta sjøl, slik kosten var det. I alle fall var det hjå besteforeldra i Hol Jenny Bertine voks opp, og der var ho oppført som tenestjente i Folketeljinga frå 1910.

Anne Sletto si dotter, Jenny Bertine Andersdatter Sletto som konfirmant i 1906. Foto: Hol bygdearkiv

Jenny Bertine var ein av få jenter frå Hol som fekk gå på Voss folkehøgskule. I Uren var det i hennar tid både hjarterom og husrom for fleire enn dei ho sjølv sette til verda. Ho var ei dyktig bondekone og stølsbudeie, og blir hugsa som ei lettlynt og glad, sterk og handlingsdyktig mor med stor omsorg, ei omsorg som også omfatta dyr. I 1963 fekk Jenny diplom frå Norges Dyrebeskyttelsesforbund.

Jenny Bertine gifta seg i 1913 med bonde Olav Sveinsen Uren frå Hol. Dei fekk åtte ungar. I tillegg tok ho til seg eit to år gamalt barnebarn etter eine dotter si, som døydde i sukkersjuke. I 1943 vart ho enke. Sjølv døydde ho i 1968. Begge ektefellane er gravlagde ved Hol kyrkje.

Ikkje alle ungar fødde utanfor ekteskap gjekk det bra med, men Anne sine to fekk lange og etter tilhøva gode liv, kan det sjå ut for. Ære for det tilkjem ikkje minst, må ein kunne si, bestemor Birgit Sletto.

Anne i Vestfold

Anne var i Holmestrandstraktene i Vestfold i mange år. I kyrkjebøkene er yrket oppgjeve å vera leigekone, vaskekone og husbestyrerinne. Slik har me i 1894 og 1895 funne henne på gardane Grette og Gunnestad, grannegardar som låg oppe på raet sør for vestfoldbyen Holmestrand i Våle herad. Ho var tenestjente på desse gardane. I 1895 fekk ho av Vaale Landboforening diplom for godt fjøsstell.

Vaale Landboforening har ved foretagende Fjøsbefaring tilkjendt Budeie Anne Jensdatter Præmie for godt fjøsstel paa Gaarden Gunnestad i Aaret 1895.

I 1899 hadde Anne post som husbestyrerinne i Langgaden i Holmestrand by, der dei kondisjonerte, dei velståande, budde. I folketeljinga 1900 var ho attende i Våle, som leigekone. Det betyr at ho ikkje var knytt til ein bestemt gard, men tok oppdrag for bønder og andre i området. Ho stod dermed friare og kunne ta seg betre betalt enn som fast tenestjente, og ho kunne skifte oppdragsgivar når det høvde henne. Tenestfolk ellers kunne berre skifte tenest to gonger i året, med festedagar og halvårskontrakter. Vanlegvis var dette knytt til 14. april og 14. oktober, som vart kalla faredagane.

Om me legg endringar i yrkestittel til grunn, avanserte ho i samfunnet, frå tenestjente til leigekone, og vidare til husbestyrerinne i byen. Ingen klassereise, men eit steg oppover i tenarhierarkiet.

Anne giftar seg med ein svenske

18. november 1900 gifta 33-årige Anne Sletto seg med svenske Theodor Brattnäs, som var jord- og steinarbeidar på garden Grette nordre, i same grannelaget. Det syner folketeljinga frå 3.desember 1900. Dei tok Olsen som sams etternamn. Forlovarane var bøndene på dei to gardane Grette og Gunnestad. Anne fekk ingen barn med sin svenske mann. Frå minneboka etter dotterdottera til Anne, Birgit, får me vita at Theodor var allergikar.

Gründerliv på Geilo

Anne kan ha forstått at marknaden for tenestjenter og leigekoner i landbruket i Vestfold krympa. Overgangen frå naturalhushald til pengehushald kom tidlegare der enn i fjellbygdene. Etter mange år utanbygds, orienterte Anne seg mot heimtraktene, Der hadde ho dei to ungane sine. Der fanst det moglegheiter for arbeid. Det følgde med opninga av Bergensbanen i 1909, noko som ga ein kraftig skuv for ei ny næring, turismen. Fjellufta var dessutan bra for den astmatiske mannen hennar.

På Geilo var det før 1940 elleve overnattingsstader i drift (Solhjell, 2000, s. 160). Blant dei luksushotellet, Dr. Holms Hotel, som frå 1909 var klar til å ta imot gjester som kom med tog frå aust og vest. Dr. Holm hadde i tida før dette sett mykje inn på å få utflytta jenter frå Hallingdal heim att. Han hadde i årevis sett seg arg på det som vart kalla «jentemarken» i Bragenes (Drammen), der jentene stilte seg opp som vore det fesjå. Han var dessutan i beit for arbeidskraft til det nye hotellet sitt, og hadde sett mykje inn på å få utflytta jenter frå Hallingdal heim att. Journalist og mangeårig turistsjef på Geilo, Ulf Kløve, skriv om dette i boka «Dr. Holms hotel. Hotellet med de ni liv».

Redaktøren i bladet NU, Anders Mehlum, skriv om jente-transporten 11.-12. oktober, som var dei siste dagane før faredagen 14. oktober, då ein kunne feste seg for neste halvår, at «det var så stappende fullt på Bergensbanen, at Jenterne måtte stå som Sild i Tønne. Fra Gol måtte endog en del stå pakket på Rummene mellom Vognene». Behandlinga vekte Bitterhet i Dalen, skriv han, og meiner transportøren burde lært frå førre året, då det var like ille. Men, sluttar han i Bladet NU 7.12.09: «Folk gjør mere for Hundene i Jagttiden end for Halling-jentene i Flyttetiden.» (Gotaas, s. 83). 

Behandlinga vekte «Bitterhet i Dalen», skriv Mehlum, og meiner transportøren burde lært frå førre året, då det var like ille. Men, sluttar han i bladet NU 7.12.09: «Folk gjør mere for Hundene i Jagttiden end for Halling-jentene i Flyttetiden.» 

Dr. Holm hadde også ergra seg over behandlinga jenter frå fjellbygdene fekk. Han var dessutan i beit for arbeidskraft til det nye hotellet sitt. Anne kan ha fått med seg dette. Ho følgde med på det som hende i heimbygda, i samfunnet og marknaden rundt seg, kan det sjå ut til. Til sist: Kom ho heim att, kunne ho også sole seg i glansen av Olav, som over natta hadde vorte ein feira forfattar med debutboka «Dei gamle» i 1908 (Almhjell, 2015, s. 22-23).

Ein gong, truleg noko seint i 10-året før 1910, gjorde Anne alvor av å flytte heim att. I folketeljinga 1910 var ekteparet busett i Ustedalen (Geilo). I 1913 sette ho seg opp stort hus med åtte rom i to høgder ikkje langt frå Dr. Holms hotell på Geilo. I heimen styrte Theodor med utleigeverksemd. Andre høgda vart leigd ut til lokale folk. I fyrste høgda leigde turistar seg inn sommarstid. Då flytta ekteparet ut i eit lite hus i hagen. Huslånet vart nedbetalt lenge før fristen. Anne synest ha nytta den nye marknaden. Ho hadde forretningssans, tenestjenta frå Sletto i Hol. I dag ville me truleg sett på henne som ein gründer.

I 1913 sette Anne Olsen seg opp nytt hus med åtte rom i to høgder ikkje langt frå Dr. Holms hotell og jernbanestasjonen på Geilo. Andre høgda var leigd ut til lokale folk, fyrste høgda budde ho og mannen i, men der leigde dei ut sommarstid og flytta sjøl ut i eit lite hus i hagen. Foto frå 2016. Foto: Eva Almhjell

I Villa Lunde var det Anne som var hovudforsørgar. Ho jobba på Dr. Holms hotell som vaske- og strykekone, og påtok seg også vask for andre i heimen. Klesvask for hand var tungt og tidkrevjande arbeid, og i Villa Lunde var det ikkje innlagt vatn. Sjølv om det ikkje var uvanleg at kvinnene på Annes tid bidrog til familien med inntekter av eige arbeid, kan det sjå ut som om desse to likevel braut litt med normene for datidas familiemønster, der mannen var hovudforsørgjar. Dei var religiøst truande, kan det sjå ut til. I ei bokkasse oldebarnet i Uren har etter Theodor og Anne finst fleire velbrukte bøker med religiøse tekster og namnetrekka deira på fyrste boksida.

Av minneboka til dotterdottera Birgit går det fram at forholdet mellom Anne og dottera Jenny var godt. Brevvekslinga mellom Olav og kona Karin gir også inntrykk av at forholdet mellom Olav og syster hans var godt. Forholdet mellom mor og son var av anna slag.

Sonen om mor si

Olav Sletto skriv fleire stader at han ikkje likte mor si, «dette mennesket». Grunna henne kjende han på ei botnlaus einsemd alt som smågut, og han husa eit uoppretteleg morssakn han måtte leva med heile sitt liv (Almhjell, 2015, s. 44). Han var glad ho budde langt unna, så han slapp treffe henne, og gledde seg ikkje då han høyrde ho ville heim. Olav tok aldri initiativ til å møte mor si, og var ikkje i gravferda hennar i juli 1946. Han var heller ikkje i gravferdene etter besteforeldra (gommo og goffa) i Sletto. Forfattaren var sjuk.

I åra 1910-1917 gjorde Olav Sletto 70 taleferder i Norge. Han var ein ettertrakta talar. I 1915 var han på taleferd på Geilo. Han kontakta besteforeldra, men ikkje mor si. Ho tok skjeia i eigen hand, så då han ein kald februardag steig av toget på Geilo stasjon, dukka mor hans, «dette menneske», uventa opp. I brev til kona Karin skildrar han møtet slik: «Mor var bljug – men frisk i hud og vakker. Umaateleg roleg – og stam naar ho tala – men god smil. ...». Ho spanderte opphaldet på Dr. Holms hotell på sonen, og han takka ja til å vitje henne i heimen. Olav var imponert over det store og flotte huset, som mor hans kalla Villa Lunde.

Då kvelden kom, og festsalen i Dr. Holms hotell var fylt til siste plass av nysgjerrige arbeidskameratar, bygdefolk og hotellets fornemme gjester, «so fylgde eg mor høgtideleg til setes paa fyrste benken, gjennom heile salen. ...». Så kasta han, «lausungen» til Anne, trøya og stod der i skinande kvit skjorte. Aldri hadde han kjent seg så vakker og sterk, skriv Olav til kona Karin, og no «fekk mor uppreising. For mange ein liden tort...» (Almhjell, 2015, s. 40-41).

Olav Sletto kjende bygdelivet. Han visste noko om det forfattaren Tor Jonsson kalla bygdedyret, som livnærte seg på historier som såkalla «laga seg», og hadde som funksjon å påføre folk skam. Ei skam som held seg, og som sambygdingar kjenner att ti-år seinare. Tidlegare ordførar i Hol, Osvald Medhus, fortel t.d. i ei samtale med Eva Almhjell i 2013 om ei hending han mintest: «Då eg ein messesundag for 60 år sida gjekk åt nyekyrkja (d.e. på Hagafoss i Holsbygda), sat ei åleinemor på kyrkjetrappa. Vesle barnet hennar skulle til dåpen. Åleinemor skulle ikkje vera inne i kyrkja under dåpshøgtida.» Dette hende i 1952.

Ironisk nok vart Annes gamle arbeidsplass, Dr. Holms hotell, i 1942 «mødreheim for norske jenter som skulle ha barn med tyske soldatar» (Solhjell, 2000, s. 356). Ulf Kløve kallar det ved sitt rette namn: Lebensborn. 199 «uekte barn» kom til her før krigen var over (Kløve, 1999, s. 69 ff). 

Anne overraska sonen sin på Geilo i 1915. Gjorde ho det same då ho på byrjinga av 1930-talet vitja han i Sørumsand? Ho var kledd i bunad, eit høgtidsplagg, fortel ei forbausa sonedotter, Eva, som studerte til å bli skodespelar i Oslo. Gommo Anne, som ho før dette ikkje visste eksisterte, minna henne om «Fru Inger til Østråt». Dette går fram av eit brev Eva Sletto skreiv til Osvald Medhus, mangeårig ordførar i Hol. Brevet er datert 21.7.2000 og publisert i Årshefte 2010 for Olav Sletto-selskapet. På denne tida var Olav Sletto rektor ved Sørumsand folkehøgskole. I rektorboligen var det god plass for overnattingsgjestar, og det vanlege var at utanbygds gjester låg over. Kva ville Anne der? Hadde ho noko ho ville fortelja sonen som han ikkje visste? T.d. korleis det hadde vore gi frå seg ungane? Sanna ho kven som var far hans? Ingen veit. Men Olav Sletto møtte mor si med kald skulder, og sende henne i retur til Oslo med fyrste tog. Etter det treftest dei to aldri meir, det vi veit.

Mens han avviste mor si i levande live, dikta Olav fram ein far som han likte, ein han aldri fekk møte, men som han fekk vita døydde ung. Johannes Lundeby var 38 år då han døydde. Den andre moglege farskandidaten, Erling Bjørnson, var 91 år då han gjekk ut av tida. Dette kan styrke fortellinga om at det var Johannes Lundeby som var Olav sin far, mens andre ting han skriv, m.a. i brev til kona, Karin Bryde, dreg i retning Bjørnson. Han bidrog ikkje nett til å oppklara rykta som laga seg i bygda.

Under lanseringa av boka om Anne Sletto i 2015 fortalde eit par barnebarn (Eva-Lill Sletto og Vera Karina Sletto) at Anne var eit ikkje-tema i familien, og at dei ikkje visste at dei var i oldemor sitt hus då dei besøkte bestefar og bestemor på Geilo etter krigen. Men Anne Sletto, g. Olsen, var stolt av Olav. Det ga status i bygda å ha slik ein son.

Anne Jensdotter Sletto døydde i juli 1946. I august flytta Olav inn i mors hus på Geilo saman med kona Karin. Han trivdest i den avviste mor sitt hus, og held fram som ein svært produktiv forfattar heilt til han gjekk bort i 1963. I alt ga han ut 44 bøker.

Dr. Holms hotell på Geilo i 1949. Under heile andre verdskrigen var hotellet okkupert av tyskarane, som brukte det som kvile- og rekreasjonssted for ubåtmannskap. I austfløya vart det i 1942 oppretta ein Lebensborn-heim, kor 199 barn vart fødd i løpet av krigen. Lebensborn, som tyder «livskilde», var eit raseavlsopplegg der tyske SS-offiserar avla barn med ugifte «ariske» mødrer. Foto: Nasjonalbiblioteket

Dotterdottera Birgit om Gommo Geilo

Jenny Bertine, Annes barn nummer to, gifta seg, som nemnd, i Hol i 1913. Ho fekk åtte ungar. Ei av døtrene til Jenny, Birgit Uren, utdanna lærar og gift Finnsen i Oslo, fortel i minneboka «Fra mitt liv» (upublisert, utlånt i samband med arbeidet med Anne-boka 2014-15) om besøk hjå Gommo Geilo, som dei i Uren kalla Anne (på hallingdialekt tyder gommo bestemor). Ho var ofte på besøk, sjølv om vegen var lang og bratt, kring 13 km mest oppover eine vegen, og undabakkar som ho suste nedover med spark eller ski, eller traska til fots heimatt. Ho minnest trivelege stunder på gommo-kjøkkenet, og Theodor som leika og tulla med henne.

Olav nemner i brevet til Karin frå Geilo i februar 1915 at mor hans var «stam i tale». Når biografen Reinton, som også var ein nær venn av Olav Sletto, prøver forklare kor Olav hadde sin kunstnariske gjevnad frå, avskriv han nærast Anne Sletto slik: «Mor hans hadde ikkje særlege evner i den lei. Ho hadde ikkje flytande tale, ho stamma.» (Reinton, 1966, s. 12).

I minneboka står det ingenting om at gommo Geilo stamma. Kanskje gjorde ho heller ikkje det, i trygge omgjevnader? Andre hugsar at ho stamma, men ikkje slik at det var vanskeleg forstå henne.

Dotterdottera til Anne, Birgit Uren, g. Finnsen, lærar i Oslo, skreiv minneboka «Fra mitt liv» om oppvekst i Hol på 1930- og 40-talet. Ho var ofte på besøk hjå Gommo Geilo, som dei kalla Anne i Uren. Foto: Ukjent

 Grannar på Geilo om Anne

Anne var noko for seg sjølv, hadde tent hjå så fine folk, var litt heva over andre, kanskje, men også ei truande kvinne. Utan tvil var ho eit arbeidsmenneske, men kanskje vart ho sett på som innflyttar, ei som hadde budd mange år utanbygds og som ikkje heilt passa inn i bygdekonseptet i stasjonsbyen Geilo. Ho vart enke i 1939, og sjukna til av diabetes og kreft. Glansen frå yngra dagar bleikna. Dette går fram av intervju Eva Almhjell gjorde hausten 2014 med grannar og andre som hugsa Anne Olsen på Geilo. Mange hadde vondt av henne.

T.v. gravstøtte for Olav Sletto og Karin Sletto (Olavs kone) og Eva Sletto (deira eldste dotter). T.h. gravstøtte for fru Anne Olsen. Dei kviler side om side på kyrkjegarden ved Geilo kirke. Det vart fred til slutt. Foto: Eva Almhjell

Avslutning

Tenestjenta Anne Jensdotter Sletto, mor til to «uægte børn», gommo til fire ungar etter sonen Olav og åtte etter dottera Jenny, og etter kvart oldemor til mange, mange etterkomarar. Ei arbeidsam, nøysam, dyktig og driftig kvinne som arbeidde seg fram som tenestjente, husbestyrerinne, og dyktig leigekone i Vestfold, og som alt i 1913 var med i utviklinga av turismen på Geilo, som vaske- og strykekone ved Dr. Holms hotell, og med utleigeverksemd i den nybygde heimen. I dag ville me truleg ha kalla henne gründer. I juli 1946 var det slutt på eit langt og innhaldsrikt liv. På kyrkjegarden ved Geilo kyrkje kviler mor og son side om side. Det vart fred til slutt.

Kilder

  • Almhjell, Eva og Øyrehagen Sunde, Jørn: Anne Sletto. Eit kvinneportrett, Boksmia 2015.

  • Almås, Reidar: Kva skjer i bygde-Noreg? Dreyer 2023.

  • Dale, Johs. A. og Reinton, Lars: Ei bok om Olav Sletto, Samlaget 1966.

  • Finnsen, Birgit: Fra mitt liv. Privat minnebok. Udatert. Upublisert.

  • Folketellinga 1.1.1891, informasjonsark sett opp av leiar i Slekt og Data Sande, Anne-Grethe Syvertsen, 2018.

  • Kløve, Ulf: Dr. Holms hotel. Hotellet med de ni liv 1909-1999, Holms hotell, 1999.

  • Langen-Bjørnson, B.A.: Aulestad tur-retur, Gyldendal Norsk Forlag 1981.

  • Melby, Kari: Husmortid 1900-1960 i Gro Hagemann m.fl. (red.): Med kjønnsperspektiv på norsk historie, Cappelen Damm Akademisk 2020.

  • Reinton, Lars: Folk og fortid i Hol, band III, Oslo 1972.

  • SAO, Aurskog prestekontor Kirkebøker, F/Fa/L0008: Ministerialbok nr. I 8, 1878-1937, s. 97.

  • Solhjell, Kåre Olav: Hol i hundre år, bind 1, 2000.

  • Solhjell, Kåre Olav: Hol i hundre år, bind 3, 2010.

  • Solhjell, Kåre Olav: Om Olav Sletto.

  • Gotaas, Thor: Det beste om Hallingdal i NU. Notiser og artikler fra Anders Mehlums avis NU (1894-1932), Haug forlag, Oslo 2005.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 22. oktober 2026, kl. 23.42 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.